BJARNE BERNTSEN

(Beranek/Swensson/Kalvø)


Eg veit at du var svak for Maradona

Eg veit du syns Pelé var ein fest

Eg veit at du likte David Beckham

Platini og Ronaldo og George Best


Eg kan aldri bli som ein av dei

Artistar med tjue i stil

Eg kan aldri bli det som Arne Scheie

kallar ein profil


Men eg kan godt vere Bjarne Berntsen

viss du er forngød med det

Eg skal kjempe hardt og trufast

og takle med blodete kne

Eg kan godt vere Bjarne Berntsen

Vikings sikraste mann

Eg skal stå på heilt til fløyta går

og vi drar seier'n i land


Bjarne Berntsen var kanskje ingen kunstnar

med milliontilbud frå spanske lag

Han var aldri ei funklande stjerne

Mange har gløymt Bjarne Berntsen i dag

Men han var ein ekte forsvarshelt

Ein kaptein som løfta trofé

Og då Norge slo England på Ullevaal

var Bjarne Berntsen med


Eg kan godt vere Bjarne Berntsen     osb.


Eg spring og spring med trøya utanpå

Eg har kondis av stål

Eg lover aldri å bytte klubb

Viss du lar meg beskytte ditt mlå


Eg kan godt vere Bjarne Berntsen

Vikings sikraste mann

Eg skal stå på heilt til fløyta går

Og vi drar seier'n i land

(placeholder)